Oppmålingstegninger av norske trebåter Arne Emil Christensen

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Oppmålingsteikningar av norske tradisjonsbåtar

Professor emeritus i nordisk arkeologi, Arne Emil Christensen, har arbeidt innan feltet båtar og båtbygging i ein mannsalder. Han har særleg interessert seg for norske tradisjonsbåtar i klinkbyggingsteknikk. I 1967 leia Christensen saman med Svein Molaug utgravinga av fregatten Lossen og var med det med på å etablera marinarkeologi som fagfelt i Noreg. Etter mange år som leiar for Vikingskiphuset, fekk han som pensjonist kontorplass på Norsk Maritimt Museum. Han deler generøst av sine kunnskapar til stor hjelp i museet sitt arbeid, til dømes med småbåtsamlinga og med identifisering av arkeologiske båtfunn.

Gjennom åra har mange båtar i privat eige og museumssamlingar vorte dokumenterte og målt opp av Christensen. Oppmålingane har resultert i byggeteikningar som er sirleg overført til transparentar.

Norsk Maritimt Museum har motteke ei samling på kring 570 teikningar. Her er mellom anna prammar, fløtningsbåtar, færingar og fiskeskøyter frå heile det langstrakte landet, og «Prinsebåten», skyssbåten til baroniet Rosendal. Nokre båtar frå fjerne strøk er det også, som kabang’en – ein stokkebåt frå Thailand og ein kongeleg afrikansk kano. 

Konstruksjonsteikningane er ordna i sett der båtane er presenterte med hovudteikning, snitt og linjeteikning.

Bestilling av tegninger kan gjøres til fellespost@marmuseum.no

Teikningane er digitaliserte og kan sjåast her: