Skinnhyra var i gamle dager et livsviktig plagg for fiskere og sjøfolk langs Norskekysten. Kunnskapen om å sy fiskerens tradisjonelle klær er nesten borte.
I januar er Norsk Maritimt Museum vertskap for et kurs hvor unge håndverkere får lære kunsten å sy en skinnhyre av eldre håndverkere.
Dette foregår i Båthallen, der klærne og båtene fiskerne brukte er utstilt, og du er velkommen til komme å titte og lære litt om hvordan en skinnhyre blir til!
Tilbudet er åpent for alle og inkludert i inngangsbilletten.
- 1/4
- 2/4
- 3/4
- 4/4
Om Mentorprosjektet
Dette er eit prosjekt som er finansiert av Sparebankstiftelsen gjennom Forbundet Kysten. Prosjektet er samarbeid med Norsk Håndverksinstitutt. Prosjektleiar er Atle Ove Martinussen.
Det er eit Mentorprosjekt, der vi koplar unge yrkesutøvarar (handverk) opp mot eldre handverkarar. Poenget er at unge lærlingar og svenner ikkje får nyta godt av den ekspertisen og kunnskapen som eldre handverkarar har. Mange eldre pensjonerer seg når dei er tidleg i 60 åra og blir i liten grad brukt av dei ulike fagmiljøa. Vi har difor starta Mentorprosjektet med eldre handverkarar innan båtbygging, tømring m m., der unge utøvarar får tilgang til eldre handverkarar med erfaring og kunnskap opparbeid gjennom eit langt liv.
I veke 4, 20 - 24.01.2025 skal vi gjennomføra ein workshop, der vi skal sauma to skinnhyrer (fiskaren sine yrkesklær), som er laga av rårandgarva geiteskinn som blir sauma med reimsaum. Skinnhyra vart brukt av fiskarane tilbake til vikingtid og opp til slutten av 1800-talet og nokre var i bruk til opp på 1900-talet. Norsk Håndverksinstitutt fekk redda kunnskapen om å garva med rårand på 1990-talet gjennom eit prosjekt leia av Atle Ove Martinussen saman med ein samisk garvar. Det vart også forska på og rekonstruert korleis skinnhyrene var laga og vi starta eit prosjekt med sauming av skinnhyrer med Ingrid Becker (kunsthandverkar), som lærte seg teknikkane. Skinnhyra er vanntett og skinnet fungerer som Gortex i dag. Grunnen er at råranden i skinnet stopper vatnet frå å trenge gjennom skinnet og plagget pustar. Dette er testa på Lofotfiske i open båt.
I dag er det berre Ingrid Becker som beherskar alle teknikkane som skal til for å laga ei skinnhyre. Ho skal vera instruktør på workshopen i veke 4.
Gjennom dette prosjektet vil lærlingane vera med å læra om handlingsboren kunnskap og bidra til å sikra og føra vidare den immaterielle kulturarven. Det vil også bli gitt teoretisk undervisning om teknikkane som blir brukt og vidareføring av immateriell kulturarv mm.
Prosjektet er et samarbeid mellom museet og Norsk Håndverksinstitutt, finansiert av Sparebankstiftelsen gjennom Forbundet Kysten.