Hopp til hovedinnhold

Oppmålingstegninger av norske trebåter Arne Emil Christensen

  • 1/1

Oppmålingsteikningar av norske tradisjonsbåtar

Professor emeritus i nordisk arkeologi, Arne Emil Christensen, har arbeidt innan feltet båtar og båtbygging i ein mannsalder. Han har særleg interessert seg for norske tradisjonsbåtar i klinkbyggingsteknikk. I 1967 leia Christensen saman med Svein Molaug utgravinga av fregatten Lossen og var med det med på å etablera marinarkeologi som fagfelt i Noreg.

Frå Christensen har Norsk Maritimt Museum motteke ei samling på kring 570 oppmålingsteikningar, dei fleste av norske tradisjonsbåtar. Fleire av båtane høyrer til i  museumssamlingar. Teikningane omfattar mellom anna prammar, fløtningsbåtar, færingar og fiskeskøyter og skyssbåten til baroniet Rosendal. Nokre båtar frå fjerne strøk er det også, som kabang’en – ein stokkebåt frå Thailand og ein kongeleg afrikansk kano.

Konstruksjonsteikningane er ordna i sett der båtane er presenterte med hovudteikning, snitt og linjeteikning.

Teikningane er digitaliserte og kan sjåast her:

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1