Hopp til hovedinnhold

Krigsforsikringen for norske Skib

Norsk Maritimt Museum har ei stor samling av privatarkiv. Mellom arkiva våre er ei samling frå Krigsforsikringen for norske Skib, som vart oppretta under 1. verdskrig. Ordninga var fundamentalt viktig i å oppretthalda norsk skipsfart under og etter krigen.

Krigsforsikring under 1. verdenskrig

I 1914 var storparten av den norske handelsflåten engasjert i intereuropeisk og nordeuropeisk trampfart, med England og Tyskland som dei viktigaste landa. Men skip som gjekk i fart til eller frå krigførande land vart ikkje dekka av vanleg kaskopolise. Då krigen braut ut, søkte difor skipa til nøytrale hamner. Med Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Russland som krigførande nasjonar vart den norske skipsfarten lamma.

  • Krigsforsikringsdokument fra første verdenskrig.

Ei obligatorisk ordning

Krigsforsikringen for norske Skib var ei forsikringsordning for handelsflåten. Målet var å få skipa i fart att, så fort som råd, for å skaffa inntekter og naudsynte forsyningar, og halda postsambandet i gang under krigen. Initiativet kom i utgongspunktet både frå Norges Rederforbund og regjeringa. Seinare påla staten reiarane å oppretta denne gjensidige krigsforsikringsordninga, med fordeling av risikoen på heile flåten. Dette var ei gjensidig og tvungen forsikring av alle assuransepliktige handelsfartøy.

Ordninga var omdiskutert. Ei lov om ordninga vart vedteke den 11. august  og sett i funksjon den 21. august 1914. Først dekka ho berre skip, frå den 10. oktober 1914 også dei eigendelene sjøfolk hadde om bord i skipa. Frå september samme år vart det supplert med ei ordning som galdt last - Norsk Vareforsikring – eit privat selskap med delvis statsgaranti.  

I arkivet

Dette arkivet i Norsk Maritimt Museum har dokument frå tidsrommet 1914 - 1923. Ein finn til dømes seglingsløyve, fartsoppgåver, innmelde skader på dei einskilde skipa og utbetalingar av forsikringar. Arkivet er organisert i mapper etter skipsnamn, namn på reiar eller etter dato for rekneskapsdelane. Arkivboksane fyller tilsaman om lag 40 hyllemeter.

Arkiva kan søkast opp i www.arkivportalen.no. Her finn ein også ei kort skildring av innhaldet.

  • Krigsforsikringsdokument fra første verdenskrig.
    1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1